fredag 8. oktober 2010

Første etappe

Denne bloggen er for bruk til refleksjon og som minne om praksisopphald i Zambia, og me som skal reise nedover er nettopp ferdig med første etappe av førebuingar.
Me har vert heldige å ha hatt besøk av ein zambesisk lærar som har gitt oss mykje fornuftig informasjon, både praktisk og teoretisk.
Siste dagen fekk me også æra av å vere med på forelesning på UIT ved Greg Mortensen (tildegare fredsprisnominert) som gav oss ei flott oppleving og for min del stor motivasjon til vidare studie og som blivande lærar.
Kort oppsummert har me hatt nokre flott dagar med gode innspel og tips. Eg gler meg verkeleg til ferda vidare.