mandag 31. januar 2011

Zambia baby!

Då er me faktisk komne til Zambia, her er det varmt og fuktig og fullt av all slags rare dyr, deriblandt vår gode venn kamelonen Frank ;-)
Me kom til Livingston fredags ettermiddag, og etter ein varm kø for å få visum blei me hjarteleg motteken av Patric frå DALICE og Tove og Mari. Me fann oss fort til rettes på Chanters lodge, der me bur under opphaldet, og etter ein liten pause ved swimmingpoolen tok Tove og Mari oss med til sentrum. Der sosa me rundt, fekk fat på det mest prekere, a type strøm adapter, og vart vist litt rundt. Me enda dagen ved Olgas, ein liten resturant ikkje langt unna byens museum, der hadde dei veldig god mat og me kosa oss storleg :-)

Dagen etter tok me som ein avlappnings dag ved swimmingpoolen, der to av oss presterte å bli kraftig solbrend, men dette var ein dag me trengde for å komme oss etter den lange reisa. Me enda denne dagen med middag på Ocean Basket og slutta til sist på lodgen der dei andre jentene heiv seg glupsk over blogg- skrivinga ;-)

Den neste dagen vart dagen for naturopplevingar. Me tok turen til Victoria Falls, og dette naturens vidunder kan nesten ikkje beskrivast med ord, det var enormt stort og ordet "fantastisk" rettar det ikkje full rettferd. Dette er noko alle burde få med seg, og særleg i regntida, det var veldig artig å gå gå over "Knifeedge Bridge" og bli totalt igjennomblaut.
Dyrelivet rundt Victoria Falls er heller ikkje så reint lite, der er bl.a ein heil masser av bavianar rundt om kring, og me var så heldige at me fekk oppleve nokre av dei på ganske så nært hald. Me høyrde seinare at bavianane faktisk var kjende for å vere agressive mot folk, så me var nok heldige med desse, dei gjorde seg til forran kamera og nermast flørta med oss :-)
Etter dynkinga ved Fallsan møtte me på ho Tove og tok oss ein hyggeleg prat med ho før me tok turen til Zambezi Sun og tok oss ein bedre søndagsmiddag- kan absolutt anbefales!

Mondagen 31.01 skulle eigentleg vere den første dagen vår i praksis, men me vart heller vist om på DALICE. Me byrja med å få beskue tea-breake, der lærarane ved DALICE diskuterte kva dei skal gjere vidare, altså som eit lærermøte - med te. På dette møtet opplevde me noko av det som visserleg er forskjellig mellom norsk og zambesisk utdanning. Ein av tinga som blei taken opp var nettilgang for studentane, der lærarane verka redde for å ikkje kunne kontrollere informasjonen studentane kom med, altså å misste status som informasjonsgivar, og tre inn i den heller meir ukjende rolla som veileder. Internettilgang var noko som studentane sjølv etterlyste, og dette og andre ting studentane ville skulle bli endra på vart ikkje teken i mot. Lærarane nærmst fnaus av alt som vart foreslått, ein oppførsel som for oss verka noko underleg, men dette i seg sjølv var ikkje det eg reagerte mest på. Det som blei det store tankekorset for min del var at ein av lærarane kalla studentdemokratiet for overdrivent og verka nesten irritert over at studentar skulle kunne ha noko å seie. Og dette trigga irritasjonen min, men eg fann ut at det var best å tige, og heller berre observere. Eit stort pluss går til Mari, som tala studentenes sak. Men det skal og seiast at eg kan skjønne kva læraren meinte, for mangen av sakene studentane kom med var ganske unødvendige, og var ting som skulen hadde informert om før og som var vanskeleg å gjere så mykje med.

Etter tea-breaken fekk me ei omvisning på DALICE, først med Tove og Mari som omvisarar, deretter "plukka" me med oss to meget så kjekke studentar; Grace og Inonga, begge sisteåret på førskolelærerutdanninga. Dei tok oss meget vel imot, og det og andre lærarar me møtte på gjorde at inntrykket av DALICE tok seg betrakteleg opp. Me vart teken med på heile runda på DALICE og fekk soleis sett korleis ein studentkvardag kan sjå ut, og korleis DALICE fungerer. Noko eg blei veldig imponert over var at Collegen har ein eigen produsjon av bl.a kjøt (storfe, høns, geit) og egg og frukt og grønsaker. Ikkje nok til å dekkje skulen og studentanes behov, men nok til å senke studentavgifta til ein viss grad. Inonga og Grace kunne også fortelje at ved kvart termin fekk studentane litt av avlinga til eige bruk; litt appelsiner, ei sukkerstang osb. Studentane er også med på å sørge for velferda til dyr og luking og hausting av avlingar. Men dette skjer på omgang, og studentane har ikkje primeransvaret for dette. Det blir overlete til ansette på området.
Me avslutta omvisninga i leiligheita åt Tove og Mari, der dei laga eit fortreffeleg måltid til oss, etterfulgt av kaffi (ordentleg kaffi) og kringle. Supergod mat og veldig artig selskap!

I morgon vert det første praksisdag, eg er veldig spent og gledar meg stort.

1 kommentar:

  1. Så flott å høre at du har hatt en fin oppstart i Zambia! Du visste jo at det var varmt der og sol, så høy solfaktor burde ha vært i veska deres, hehe. Men gjort er gjort og håper solbrentheten går over fort!

    Bavianer som flørter og kamelen Frank. Du er heldig Silje som er der! Ta masse bilder og gjerne del noen av de her inne på reisebloggen din. Likte fargetemaet på bloggen;)
    Kos deg videre! :D

    SvarSlett