Denne dagen ver meget spessiell. Me kom til Nansanzu og kom oss hurtig til 8 d der Line hadde sin siste undervisning. Erna og eg gjekk rundt å såg på området, tok litt bilder i lag med mange av lærarane, og når Line var ferdig med timen sin kom også ho ut med heile 8 d for ein liten fotosesjon.
Når pliktene våre med elevane var unnagjort var det på tide med refleksjonssamtale med alle oss studentane, faglærarane våre, Tove og head. Det var ein veldig interessant samtale, der me først fekk sei kva erfaringar me hadde gjort oss og kva me tykte om opphaldet vårt. Deretter sa faglærarane kva dei hadde opplevd og kva dei tykte om oss. Det heile tok ganske lang tid og når me var ferdige og skulle til staff room fekk me berre beskjed om å gå ein liten tur til ein annan plass. Dei dreiv nemmleg å ordna til ein heil sermoni for oss, opg når me endeleg fekk komme inn på staff room vart me møtt av eit shina rom der me tre studentane hadde fått hedersplassane. Seremonien i seg sjølv bestod av ein heil masse formelle talar og som høgdeoungt hadde alle lærarane spleisa på å gi oss ei lita krukke, ei skål, ein chitenge og skjerf til kvar av oss. Det var veldig fint og spesiellt.
![]() | |||||||||||||||||
| seremonien |
![]() |
| Draktpryden |
Seinare på dagen vart me og invitert av skulen på ein braai som er grillfest, der fekk me for første gong sett lærarane ved Nansanzu i ein uformell samanheng, og det er jammen ein artig gjeng, masse dansing og andre artigheiter.
Alt i alt ein veldig fin måte å seie farvel til alle på, sjølv om det sjølvsagt var trist og leit.
Søndag 27.
Denne dagen la me ut på tur. ferda gjekk til Bovu Island, eit lite paradis i Zambezi river. Me kjøyrde først frå Livingstone og følgde vegen mot Botswana grensa i omlag ein halv time, og deretter nye 30 min på ein grus/jord veg til me kom fram til elva. Transportmiddelet vårt var også ganske interessant, me fekk skyss med ein bil med lasteplan, kor me sat på lasteplanet heile vegen fram. Enno meir spanande vart det at bilen hadde øydelagd bremsane sine på turen bort, men det var ein meget så dyktig sjåfør, så alt gjekk bra.
![]() |
| På turen til Bovu Island. I bakgrunnen ser ein Livingstone. |
![]() |
| Sjølvforsyningsbaren |
![]() |
| Zambezi og kanoane me brukte for å komme oss til øya |
![]() |
| Ein meget fornøgd Erna |
Me tok livet stort sett berre med ro på øya, og koste oss med omgivelsane og roen som var å finne her. Me fekk også med oss solnedgang over Zambezi og ein liten tur rundt på øya, samt også ein tur til nermaste landsbyen der me også fekk undervist litt i småskulen deira, sett på det nye skulebygget som er under konstruksjon og laga mat med nokre ei veldig trivelig jente frå landsbyen. Eg fekk faktisk prøvd meg på å lage Nshima og i tilegg knuste me Groundnuts - peanøtter på tredisjonellt vis.
Me vart på Bovu i 2 dagar og 2 netter og koste oss veldig, eit verkeleg flott opphald. Me hadde også bestemt oss for å reise direkte frå Bovu til Botswana og safari i Chobe nationalpark. Morgonen me reiste vart litt travel og me var i utgangspunktet litt forsinka, så sjåføren vår peiste på og det enda sjølvsagt med at me sette oss bra fast, og me måtte ut å dytte. Følgene av det var leire og søle over heile oss, og den søla fekk me ikkje vaska av oss med det første. Så me jentene gjekk barbeint igjennom imigrasjonen i både Zambia og Botswana, dekt av søle og med skoa i handa. Det var ganske mange som fekk god underholdning av oss.
Første dagen med Safari fekk me oppleve både frå land og vatn. Me byrja med safari frå elva og fekk sett både hippos, elefantar, krokoar og ein masse andre skapningar, og etter turen på vatnet gjekk ferda vidare til sjølve parken der me då hadde resten av dagen og neste dag i ein safaribil, med den morosame Jensen som guide.
Me vart også kjend med ein amerikansk familie; John, Sue, David og Erin, og dei var på besøk i Zambia for å delta i dattera Erin sitt brullaup. Me kom i prat og som ein morosam detalj viste det seg at John hadde avstamning i Ulvik der eg er ifrå. jammen er verda lita somme tider :-)
Etter å ha humpa oss igjennom ein veldig bra safari bar det tilbake til Livingstone, der mange og lange farvel velta oss. Det heile vart ei ganske trist erfaring, men ganske fint også.
Som siste notis i denne bloggen vil eg gjerne takke alle eg har møtt for ei fatastisk oppleving, og sjølv om det til tider var både trått og fælt, så har det heile tida vert eit eventyr, og eit eventyr eg verkeleg kan anbefala for andre. Dette kjem eg aldri til å gløyme.
Og som ein seier på Lozi; Lokawanana
Blogg ut.






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar