torsdag 24. februar 2011

Opptøyer og siste undervisningsdag

I går var det ein heller spanande dag her i Livingstone. Det var nemnleg protestar i byen, der taxisjåførar protesterte mot korrupt politi. Politiet har i det siste auka satser på bøter o.l med om lag 400 % og når ein er taxisjåfør og har stor sltiasje på bilen, så er det surt å bli bøtelagt med nesten 200 000 kwacha for til dømes ei lyspære som berre kostar 2000 kwacha (og nokre advarslar for knust pære får dei ikkje, dei blir med ei gong bøtelagde). I mine auge var protesten meget forståeleg, men politiet svarte med å rykke ut mot demonstrantane og vilkårlig arrestere dei første og beste, og dette igjen førte til at demonstrantane auka nivået sitt. Tilslutt enda det med veg sperringar, heile trestammer i vegen, steinar på storleik med bord i vegbaner, tåregass og ein alvorleg skada politimann.
Me var på skulen når dette føregjekk seg og ver heldigvis skåna for det meste av dette opptøyet, men sjølvsagt var me veldig bekymra for taxisjåførane me har blitt kjende med, og me fekk til slutt kontakt med den faste taxisjåføren vår Christopher, og blei informert om kva som hadde skjedd og kvifor, og alt enda bra, taxisjåførane vart høyrde, og alle arresterte var sett fri.

Kvelden vår enda me ved Waterfront, der me fekk med oss ein fantastisk fin solnedgang.

Dagen i dag har for min del vert veldig prega av at det var siste undervisningsdagen min i dag. Det er ganske vemodig, men det hjalp litt at timen gjekk veldig bra. Eg hadde forelesning om Adolesence eller pubertet som me kaller det på norsk. Og timen blei lagt opp ved at eg delte klasse inn i 4 grupper; to jente grupper, to gutegrupper.
Alle gruppene fekk så i oppdrag å lage eitt tankekart der gutane skulle skrive om kva som skjer med jentene i puberteten og jentene skulle skrive om gutane.
Dette var sjølvsgat eit tema som engasjerte, og til tross for at desse elevane ikkje er vande ved gruppearbeid og aldri har vert borti eitt tankekart før, så var alle ivrigt med på arbeidet.
Det er også veldig morosamt å sjå forskjellane mellom jenter og gutar ved slike oppgåver. Jentene er veldig encyklopediske medan gutane pøste på med både den eine og andre "faktasetninga" - ikkje alt like rett.
Og etter den timen kunne eg oppsummere med at gutar, er og blir gutar og jenter er og blir jenter.
 Men det var også, som sagt ei veldig intressant økt reint metodisk, og det som var ekstra morosamt var at ms Ndui også blei aktivt med på økta, og gjekk rundt og såg når elevane jobba i grupper og var med på diskusjonen som oppstod seinare. Ein veldig bra time og ein fin måte å avslutte undervisninga mi på.

Me har også fått smakt på fersk mais i dag. Deputy og ms Ndui kokte maisen for oss og fleire av lærarane hjalp oss me å rense maisen. Me tok også i sjølve, noko som førte til ein masse fnising frå kollegiet.

Solnedgang ved Waterfront

 Kokkeluring, følgt av fnising frå kollegiet
Mais on the stove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar