søndag 6. februar 2011

Elefantar, katter og luftige svev

Den første helga her i Zambia har me nytta godt. På laurdag var me oppe så tidleg som 06.00 for å reise ut på elefantridning. Me vart henta på lodgen, og ført til ein annan lodge ikkje langt frå Victoria Falls; Mukuni. Der vart me først servert kaffi og fekk alle instrukser. Deretter vart det berre å hive seg på elefanten. Eg fekk ride på elefanten Mary, ein veldig vakker og klok elefant, men kom meget så godt overeins. Føraren på Mary var også meget triveleg og held ei finfin guding for meg.
Etter å ha vert på elefantryggen i litt over ein time var turen vår over. For å komme seg av elefanten måtte ein ta eit litt stort steg bort på ei rampe dei hadde gjort klart for oss. Både Erna og eg kom oss fint av elefanten vår, men Line var ikkje fullt så heldig. I det ho skulle av dyret blei han skremd og tok til å gå, og dette førte til at Linemor datt i bakken via rampen og trappa. Ganske morosamt tykte me, men dei ansvarlege blei retteleg bekymra og tok så med seg alle tre tilbake til lodgen der ho Line blei fiksa og alle fekk ein kopp kaffi. I same stunda fekk me også ein guida omgang i "hagen" av verten vår Ian. Og han viste oss to veldig leikne løveungar (7mnd) og tre gepardungar (7mnd). Løvene fekk me ikkje vert borti, men gepardane fekk me kose litt med, riktignok med eit gjerde i mellom oss. Det var veldig koselig, som mistanken min var; på eit tidspunkt er ein katt ein katt, og den me fekk klappe på strauk seg opp etter gjerdet og purra som berre det :-)

Seinare på dagen reiste me og på elve cruise. Me såg ikkje så mangen skapningar, og det var i det heile litt for varmt for min smak, og Erna stakkar, enda opp med å bli kraftig stukken av ein kveps. Men alt i alt ein triveleg tur og me vart kjende med fleire koslege folk, blandt anna eigaren på ein uteplass, som er halvt svensk og eit veldig likandes italiensk par. Italienarane var til vårt hell turoperatørar og jobba med å arrangere turar og aktivitetar her i Zambia, så dei booka oss på ein mikrolight tur, som me har gjennomført i dag. Microlight fly vil eg karakterisere som ein kryssning mellom hangglider og moped, veldig artig og ein fantastisk måte å sjå Fallsan på.

På laurdagskvelden var me invitert opp på DALICE for å vere med på "Zambian night" der det var konkuranse mellom internata på DALICE. Kvart "hus" hadde nokre faste nummer dei skulle framføre, dette var; korsong, trad. dans og eit dramastykke. Alt var lagt opp på same viset og hadde same innhald, så i lengda vart det litt einsformig. Me jentene som hadde vert opp sidan veldig tidleg på morgonen, held desverre ikkje ut til slutten, og blei henta av vår fantastiske taxisjåfør Chris litt før 12 på natta. Men det var veldig triveleg å møte studentar frå DALICE.
I morgon ventar første undervisningsdag ve Nansanzu basic. Eg har ingen reell undervisning, men er blitt hyra til å vere litt i 1. klasse, og det kan bli både utfordrandes og morosamt.

Her på veg mot Victoria Falls i microlight



 Elefanten Mary
































Kosepus

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar