Dette er to ord som for dei fleste nordmenn ikkje er så veldig vande med i skulen. Her i Zambia er dette noko forskjellig. Disiplin er noko dei tek særs alvorleg og straff er også noko som vert nytta på jamnleg basis. Ikkje all straff er like ille, slik som å måtte koste rundt på "sitt" område for ikkje å ha gjort leksene eller å rydde søppel - sitt eige søppel for å komme forseint. Dette tykjer eg ikkje er så ille, søppel og rot er dei sjølve ansvarleg for, så å måtte rydde opp slikt er ikkje så ille.
Og når eg har nemnd søppel, så må eg nesten forklare litt om korleis ein taklar søppel her i Livingstone. Dei har inga kildesortering, og har heller inga ordning for søppel, så det dei fleste gjer er å enten grave ned søppela si i hagen, eller brenne det. Det høyrest ganske rart ut, sett gjennom norske auge, men ein må og ta hensyn til at ingenting går til spille. Søppela som blir igjen er kun ting dei ikkje har klart å resirkulere, så det er slett ikkje så ille som det høyrest ut som, faktisk så meiner eg at dette med resirkulering verkeleg er noko me nordmenn godt kunne lære litt av...
Uansett, den typen straff som går på rydding og den slags kan eg godta, så lenge den typen oppgåver vert gjort før dagen vert for varm.
Men me har også vert borti punishment som er vel drug. Sist veke snakka Line med nokre elevar som dreiv å slo gras med nokre pinneliknande saker. Line spurte så kva dei gjorde og kvifor dei var der, og etter litt utspørring fann ho ut at dei var på punsihment fordi dei ikkje hadde gjort ei mattelekse, som dei aldri hadde skjøna. Altså, dei fekk straff for noko dei aldri hadde forstått og dermed ikkje gjort. Ganske drugt tykjer eg. Vidare hadde Erna snakka med ei jente i dag, som ho i tre dagar hadde observert i arbeid ved skuleporten, og då fekk Erna vite at denne jenta hadde fått tre dagar punishment for å kalle rektor ved fornamn, altså tre heile dagar, der denne eleven også¨går glipp av all undervisning. Også det, ganske drygt. Men i dag har eg sett noko som overgår det meste. Elevane vart trua av lærarar, og trusselen var slag med "pisken" - endestykket av ein dusjledning. Grunnen var at elevane var treige med å koste klasserommet. Og ved konfrontasjon fekk me (Erna og meg) berre til svar at dette var ein effektiv måte å halde disiplin på og til å få ungane til å arbeide fortare. Me foreslo at han kanksje kunne halde disiplinen på ein annan måte, men det var han lite villug til å høyre på.
Sjølv om loven om mishandling i skulen vart vedteken her i Zambia i 2006, er det mange slike tilfeller igjen i skulen, og på sett og vis så kan eg forstå litt av det som skjer. For når ein tek bort fysisk avstraffning så kjem der eit vakuum, og kva skal ein fylle dette med? Kva gjer ein så? For dei som er oppvoksne med dette i skulen, slik som dei fleste av dei som er lærarar, så kan nok fysisk avstaffning virke som den einaste løysninga, og eg ser for meg at ein skal vere både modig og utruleg dyktig som klarer å bryte ut av denne typen straff, og erstatte den med noko anna.
Men heilt ærleg så tykjer eg at det er det minste ein skal gjera som lærar, omsorgs- og tillitsperson. Det skuldar me elevane og ungane våre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar