Då var me komen igang med praksisen vår.. nesten.. Først ei veke observasjon (altså ut denne veka), og det er noko me treng. Eg er så heldig å ha Home Economics som er tilsvarande Mat og helse, berre ikkje heilt det samme og læraren eg følgjer, ms Ndui, er veldig hyggelig.
Undervisninga er derimot ganske gamaldags, i og med at elevane ikkje har tilgang til bøker er undervisninga også noko ineffektiv. Det dei fleste lærarar gjer er å kopiere sider i pensumboka på tavla, både med fakta og illustrasjonar, samtidig som dei skriver opp på tavla foreleser dei.
Fordelinga ellers i gruppa er at Erna har matten og Line har historie, og etterkvert vert det sikkert fleire fag på oss, i og med at dei faga me har gir oss om lag 4,5 undervisningstimar i veka, ganke så lite med andre ord.
Me er blitt stasjonert i upper basic (ungdomsskulen) der me primert skal ha 8. trinn, men me flørtar også litt med å få vere litt i 9. trinn. Line og eg fekk også nokre fåe minutt med ein 1. klasse i dag. Dei er veldig søte, veldig bråkete og VELDIG betatt av oss kvite jentene. Alle ville ta på meg og holde i handa. Søtt :-)
Forelesningsmessig har eg så langt fått observere to identiske historietimar i lag med Line og to og ei halv økt ( 5 periodar) med HE.
Ms Ndui er veldig flink til å stille spørsmål til klassen, sjølv om eg ikkje er heilt einig med metodikken ho bruker. Ho nyttar og mykje kopiering og når ho stiller spørsmål i klassen er ho ganske så krass, og om elevane ikkje svarer fort nok på spørsmål ho stiller får ho alle til å røyse seg opp og den som då svarer rett og tilfredstillande får lov til å sette seg ned. Eg tykjer det er ein litt hard måte å disiplinere på i og med at dei er 20-40 elevar i eit lite rom med dårlig ventilasjon og rundt 30 grader. Men metodikker er jo også effektiv, dei svarer ganske raskt nå dei må opp og stå.
Fagboka i Home Economics. Den finnes i eitt eksemplar og det har læraren. Den frå 1998.
Boka nemnde og nokre myter som ikkje nødvendigvis var sanne
Erna på "staff room"
Line underheld nokre av elevane med kameraet sitt :-)
Skulen sitt mål
Meir om tida i praksis og antalet elevar me endar opp med å ha kjem seinare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar