mandag 7. februar 2011

Hot, hot, hot!!

Dagen i dag har vert varm, veldig varm, på det verste 33 C i skuggen, og dette lar seg særlig merke når ein er inne i eit dårlig ventilert klasserom eller lærerverelse.
Men dagen byrja meget så bra, me fekk vere med på vår første "Assembley"- som er ei vekentleg hending der alle elevane stiller seg opp på hovudgårsplassen og synger først nasjonalsangen "National Anthem of Zambia" ( N`kosi sikeleli Africa) og vert fortalde nyhende m.m.
Dagens nyhende var i dette tilfellet oss, dei norske studentane. Me fekk presentere oss sjølve og blei offisiellt teken imot.
På programmet til praksisgruppa var det i dag to undervisningsøkter a 40 min i historie (8b) og matte (8d). Desverre kolliderte desse øktene som Line og Erna hadde, og eg valde i dag å vere med ho Erna.
Erna var veldig trygg og fin i rollen sin som lærar, og elevane tyktest å ha respekt for ho.
Eg fekk sitje bakerst i klasserommet og observere. På mi venstre hand var der ei samling av tre gutar på éin pult, og den midterste av dei sovna av fleire gonger i løpet av økta. Dette var dog ikkje fordi Erna hadde ei kjeisam økt, men fordi guten var utslitt etter å ha jobba natta før. Dette vart ein liten tankevekkjar for meg, eg hadde faktiskt ikkje tenkt den tanken før, at elevar kan ha den typen dillemma, og i same stund tenkte eg og at me er verkeleg heldige i Noreg. Veldig heldige..

Erna og Line tykte nok at øktene deira ikkje gjekk så veldig bra, men ut i frå det eg har sett lover det bra for tida framover. Mi første økt vert ikkje før enn på onsdag, og då skal eg gjera noko eg ikkje har peiling på, nemmleg Needlework- saum og sying.  Needlework er veldig praktisk og fint og er i Zambia ein del av faget Home Economics, den einaste betenkelegheita eg har i forhold til dette er det at eg aldri har vert borti noko liknande på lærarskulen, altså at metodikken er framand for meg. I tilegg er dette noko eg ikkje har vert borti på om lag 10-15 år, så dette kan bli interessant. Heldigvis har HE- læraren, ms Ndui, lova å hjelpe meg, og ho kan sine saker, så det vert vel ordning på dette og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar