onsdag 9. februar 2011

Første undervisning

I dag har eg hatt min første undervisning i Home Economics, under emnet needlework.
Needlework er akkurat det det høyrest ut som; arbeid med nål og tråd. Og i dag har eg undervist om elektrisk symaskin, og vist dei alle delane og dei aller fleste funksjonane på ei symaskin, og det utan å ha ei faktisk symaksin framføre meg. Eg hadde i dag 23 elevar i 8a og måtte altså legge tilrette for at alle skulle kunne delta i undervisninga
Eg måtte altså teikne på tavla korleis ei symaskin ser ut og alle dingsar på den. Noko som er veldig vanskeleg å forklare uten å fysisk å ha noko å vise til. Det måtte ein god del gestikulasjon til for å vise kva dei enkelte delane gjer, men alt i alt tykte eg at det gjekk ganske bra. Kor mykje elevane lærer av den typen undervisning er eg litt usikker på, men eg valde å gjere det slik, for ikkje å gå for langt utanom det den vanlege læraren bruker å gjere. Og sjølv om eg kunne ha tatt kopiar av ei fin illustrasjon eg har, så valde eg å gjere det på den måten også for å prøve korleis det er å vere lærar med dei hjelpemidla dei har.
Det som blei forskjellen i mi undervisning i forhold til læraren sin var den at eg bestemde meg for å stille opne, konkrete spørsmål under heile timen eks: Kva skjer når ein ikkje tar ned foten på maskina før ein byrjar å sy? osb. (og med fot så meiner eg foten som held stoffet på plass når ein syr) Rett og slett å stille spørsmål som lar dei tenkje litt sjølve. Eg fekk og elevane til å komme opp på tavle som hjelpelærarar,  Eg prøvde også å blande inn litt humor, og det såg ut som om det fallt til god jord.
Alt i alt var eg ganske nøgd med den første timen min, og i morgon skal eg ha 2 timar med home economics der eg skal ha om grooming altså stell og vask av hud, hender, hår m.m
 Foten
Korleis å vaske håret
 Typer tenner i ein menneskemunn
 Tannråte

Heller ikkje dette har eg hatt om før, så her må eg fram med dei gamle kunnskapane frå naturfagstimane på ungdomsskulen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar