søndag 20. februar 2011

Living the Zambian life

Denne helga har me verkeleg levd livet her i Zambia.
På laurdag var Line og eg på spa, der me fekk rygg-nakke-skulder-hode massasje, samt full pedikyr og manikyr. Det var heilt fantastisk morosamt og meget så behagelig. Eg enda opp med å få meg nokre fantastisk flott negler i knall raud/orange med sølv og kvit dekor.
Seinare på kvelden tok me turen opp til Fallsan i lag med Tove iforbindelse med fullmånen og at me kanskje kunne få sjå "Lunar rainbow". Desverre så var me ikkje så heldige at me fekk sett regnbogen, men eitt flott skue var det enn dog. Me gjekk ikkje inn i parken denne gongen, men bort til brua som krysser over mot Zimbabwe. Der fekk me oppleve ein heilt fantastisk måneoppgang. Månen var heilt fullstendig orange og  var som eit bål mot den mørke bakgrunnen. Heilt ubeskriveleg vakkert!
Etter turen til brua reiste me bort til Zambezi sun og inntok ein heller betre middag der, og det var veldig koselig. Men ein ting må eg sei at eg reagerer på; på Zambezi sun, ein av dei mest fanzy hotella i Livingstone har dei to katter som går rundt, då brukt som nyttedyr for å halde skadedyrsbestanden nede. Rundt hotellet går det også nokre Zebra og Impala. Og ein av reglane er at dei tilsette ikkje matar dyra. Greit nok for planteetarane, men for kattene er det ikkje like greit. Difor har kattene lær seg ti å tigge ved matbordet der gjestene sit. Kattene er utmagra og treng å få mat, og når me var ferdige å ete, spurde ho Tove om ikkje kattene kunne få resten av middagen hennes, og det kunne dei. Det kelneren gjorde var at han tok med seg restane, gjekk nokre meter til eit hjørne av resturangen (me sat ute) og lempa restene der. Eg må inrømme at eg vart litt sjokkert.

Seinare på kvelden blei me tatt med ut på byen av vår fantastiske taxisjåfør Brian. Me tok turen til Hippos, der me spelte litt biljard og koste oss. Me vart også kjend med kompisen til Brian; Jaimy, ein kjempetrivelig gutt. Og dei to Zambeziske guttan inviterte oss med på middag dagen etterpå.Og på søndagen vart me henta av Brian og Jaimy litt før fem på ettermiddagen, deretter tok me turen til Maramba markedet, ein av dei største markeda i Livingstone. På markedet fant me det me trengde for å lage mat; okra, fersk fisk, litt tomat og gresskar. Då me kom fram til der me skulle vere å lage mat (bupelen til Jaimy og bror hass) fekk me verkeleg sjå koss ein lever i Zambia. Dei delte eitt lite hus og hadde eit lite hybelrom kvar. Noko kjøken hadde dei ikkje og all matlaging føregjekk ute over nokre primus aktige ovnar. Kokken for kvelden var Alex, bror åt Jaimy og han diska opp med kokt okra med linser, nshima, og fisk. Det smakte heit utruleg godt, sjølv om konsostensen på kokt okra er litt merkeleg. Den vert nemmleg ganske slimete i kokt tilstand, men veldig god på smak. Etter å ha vert der nokre timar tok me turen oppatt til lodgen og roa oss ned litt der, etter å ha hatt ein heilt fantastisk kveld.

Og i morgon er det klart for ny skule veke, og den siste her i Zambia. Eg både gledar meg og gruar meg til å vere ferdig med praksis. Gledar meg fordi praksis er stressande og altkonsumerande, og gledar meg fordi eg gledar meg til å kunne ta fatt på ferieveka vår og etter det vegen mot nord, der familie og vener ventar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar